Naturens fargar og smakar

VÅRE FAVORITTAR

 

SORBET

Sorbetisen lagar me hovudsakleg av vår eiga frukt produsert på garden vår, som bringebær, rips plomme og eple. Me plukkar også blåbær, tyttebær og molte sjølv i fjellene som ligg rundt garden. Det som me ikkje greier å plukke eller produsere sjølv kjøper me inn via utvalde leverandørar.

FLØYTEIS

Fløyteisen blir produsert av fersk mjølk og fløyte frå våre telemarkskyr, og økologiske egg frå Veikåker Gård i Noresund.

YOGURTIS

Yoghurtisen lagar me av eigenprodusert yoghurt og frukt.

 

Skroll ned

BANAN
BANAN
YOGURTIS
Isen blir laga med yoghurt som me lagar dagen før produksjon av vår eigen mjølk. Bananene som brukes i isen kjøper me inn direkte gjennom den lokale bui i Feios.
BLÅBÆR
BLÅBÆR
YOGURTIS
Blåbær-yoghurtis blir laga med yoghurt som me lagar dagen før produksjon av vår eigen mjølk. Blåbærene som brukast i isen plukkast stort sett i fjella rundt Feios, til stor glede for dei frivillige arbeidarane som jobbar her på gården. Det me ikkje greier å plukke sjølv kjøper me inn frå diverse lokale leverandørar. Me brukar skogsblåbær, sida dyrka hageblåbær gir mykje mindre smak og farge til isen.
JORDBÆR
JORDBÆR
SORBET
I Noreg blir dei mest fantastiske jordbæra dyrka. Me er sjølv i gang med å starta produksjon av økologiske jordbær, men har ikkje fått dette opp å gå. Difor kjøper me inn jorbæra våre frå nabobygda Fresvik, som dessverre ikkje er økologisk. Difor er isen ikkje økologisk, sjølv om alle andre ingrediensar er økologiske. Isen inneheld 50% jordbær!
BRINGEBÆR
BRINGEBÆR
SORBET
Bringebærsorbet lagar me av vår eigen bringebær. Guus har ansvaret for bringebærdyrkinga på gården. Me har valgt å dyrke det tradisjonelle Norske rasen Veten. Denne typen har ein nydeleg syrleg smak, som passar perfekt til isen vår. Me plukkar ikkje bærene før dei er heilt modne og mørke i fargane. Smak og farge rett frå naturen. Sorbetisen inneheld 40% bær.
CAPPUCCINO
CAPPUCCINO
FLØYTEIS
Cappuccinois inneheld mjølk, egg og fløyte som hovudingrediensar. Kaffismaken har isen fått fordi mjølken får kvile seg i eit par timar sammen med ferske kaffibønner. I tillegg tilsetter me litt sjokolade i isen slik at den får ein mild og deilig smak.
KANEL
KANEL
FLØYTEIS
Kanelisen har mjølk, egg og fløyte som hovudingrediensar. Fordi me bruker ekte kanelpulver som me lar kvile i blandinga frå dagen før produksjon, får me ein mjuk og smakfull kanel fløyteiskrem. Isboksen får eit lite dryss av kanelkrokan oppå isen for å gi enda litt ekstra smak.
KARAMELL
KARAMELL
FLØYTEIS
Karamellis inneheld mjølk, egg og fløyte som hovudingrediensar. Den gode karamellsmaken får isen fordi me faktisk karamelliserar rå sukker frå botn av. Dette gir isen ein ekte smak som ikkje kan samanliknast med is som er laga med fiks-ferdig karamelltilsetning. Isen får også eit lite dryss med økologisk karamellsaus for å toppe det heile med både pynt og ekstra god smak.
LAKRIS
LAKRIS
FLØYTEIS
Lakrisisen har mjølk, egg og fløyte som hovudingrediensar. Lakrispulveret hentar me frå Iran, og me har mjukna smaken med litt smelta sjokolade av 70% kakao. Lakrisis blir ofte kalla enten-eller is, man enten elskar smaken av kald kremete lakris, eller ikkje.
LAVENDEL
LAVENDEL
FLØYTEIS
Lavendelis inneheld mjølk, egg og fløyte som hovudingrediensar. Dagen før isen blir produsert har me lavendelblomst i mjølkeblandingen. Slik får denne fløyteisen eit subtilt hint av lavendelblomst, som gjere denne isen spesielt god i kombinasjon med ein av våre sorbetisene.
MANGO APPELSIN
MANGO APPELSIN
SORBET
Det er stor etterspurnad etter vår Mango-Appelsinis. Me kjøper inn mango juice, og tilføyer sjølv fersk mango for ekstra smak og for å få til den deilige fyldige sorbet-smaken.
MOLTE APPELSIN
MOLTE APPELSIN
YOGURTIS
Molte-yoghurtis blir laga med yoghurt som me lagar dagen før produksjon av vår eigen mjølk. Moltene som brukast i isen plukkast stort sett i fjella rundt Feios. Det me ikkje greier å plukke sjølv kjøper me inn frå lokale leverandørar. Med smakskombinasjonen av molte og appelsin blei me fylkesvinnar i "Det Norske Måltid", og fekk hederleg omtale i den Nasjonale runden av "Det Norske Måltid" i 2009.
PLOMME
PLOMME
SORBET
Me var so heldig å flytta til gården vår som hadde nokre plommetrær. Me brukar ein variasjon av plommetypar saman i isen, som gir isen ein vakker rosa farge. Til denne istypen tilføyer me mandel, som er ein deilig smakskombinasjon med plomme. Plommeisen er ein fast og smakfull sorbet.
PÆRE AMARETTO
PÆRE AMARETTO
FLØYTEIS
Denne isen har mjølk, egg og fløyte som hovudingrediensar. Me tenkte me måtte gjera noko spanande med alle gode saftige pærene i hagen til dottera vår, og kom fort opp med kombinasjonen av fløyteis med amaretto. Gjennom pasteuriseringsprosessen har alkoholen forsvunne ut av isen, men ikkje den herlege smaken!
RIPS
RIPS
SORBET
Dette er eit typisk sesong-produkt. Me har sjølv rips busker på garden, og får plukka rips på ein anna eigedom. I framtida vil me ha større ripsproduksjon med fleire busker, men dette vil likavel alder vera stor nok produksjon til å kunne laga isen året rundt. Difor vil denne sorbet isen alltid vera sesongbasert. Artig å nemnde at dette er sjølve isbondens personlege favoritt!
SITRON HONNING
SITRON HONNING
SORBET
Dei økologiske sitronane som brukast i isen kjem frå Spania, og er ikkje alltid like lett å få tak i. Difor er denne isen av og til utfordrande å produsere. Vår eigen honning kan me dessverre ikkje bruka i isen, fordi me er nødt å reise langt med biene for å kunne skaffe økologisk honning. Dette synes me igjen ikkje er særleg i samsvar med den økologiske idealen. Difor kjøper me inn honningen som brukes i isen. Denne sorbetisen er utruleg frisk og spesielt populær på varme sumardagar.
SITRON MARENGS
SITRON MARENGS
FLØYTEIS
Denne isen har mjølk, egg og fløyte som hovudingrediensar. For å få den beste konsistensen brukast det berre eggeplomme i fløyteisene våre. Difor har me masse eggekvite til overs, og kva er betre då enn å bruke det til å lage deileg marengs som saman med litt økologisk sitronskall skaper denne spanande smakskombinasjonen!
SJOKOLADE
SJOKOLADE
FLØYTEIS
Sjokoladeis inneheld mjølk, egg og fløyte som hovudingrediensar. Små sjokoladebiter av 70% kakao blir smelta i varm mjølk, som gir isen ein fyldig og sterk sjokoladesmak.
TINDVED
TINDVED
FLØYTEIS
Tindvedis inneheld mjølk, egg og fløyte som hovudingrediensar. Tindveden som me brukar i isen blir dyrka i nabobygda Fresvik, men den er ikkje dyrka økologisk enda. Tindved er kanskje ikkje eit opplagt val å bruke i ein fløyteis, men me lover at du blir positivt overraska over mjuke og herlige smaken!
VANILJE
VANILJE
FLØYTEIS
Vaniljeis inneheld mjølk, egg og fløyte som hovudingrediensar. Hemmelegheita er ekte vaniljestang som har gitt smak til mjølken i løpet av eit par timar. Slik får isen den gode gamaldagse vaniljesmaken.
TYTTEBÆR
TYTTEBÆR
YOGURTIS
Tyttebær-yoghurtis blir laga med yoghurt som me lagar dagen før produksjon av vår eigen mjølk. Tyttebærene som brukast i isen plukkast stort sett i fjella rundt Feios, til stor glede for dei frivillige arbeidarane som jobbar her på gården. Det me ikkje greier å plukke sjølv kjøper me inn frå diverse lokale leverandørar. Isen har ein skikkeleg frisk og god is som også fekk hederleg omtale i Det Norske Måltid i 2009.
SITRON HYLLEBLOMST
SITRON HYLLEBLOMST
SORBET
sorbet Denne isen får sin nydelege hylleblomst smak av hylleblomst som me plukker i nærområdet til garden. Når me har plukket dette lar me blomstrene trekke i vatn, som me seinare bruker som grunnlag til å lage isen av. Difor er ikkje denne isen alltid tilgjengeleg, og det er ei begrensa mengde me kan produsere. Også for denne isen presser me sitroner frå Spania, og honningen kjøper me frå våre leverandørar.

ALLERGENER

*All is er glutenfri.

*Sorbetis inneheld ingen allergen unntatt plomme som inneheld mandel.

*Yoghurtis inneheld mjølk.

*Fløyteis inneheld egg, mjølk og fløyte.

*Allergena er merka med store bokstavar på etikettane.

 

FØLG
OSS