I 2004 kom me på ideen å begynne eit småskala gardsdrift, med produksjon av produkta som mjølk og frukt. Me valde å starta produksjon av iskrem, med oppskrifter basert på gamle Italienske oppskriftar.

Buskrei

Melkeprodusent

Buskrei er kjempesnill og er sjefen over den lille flokk på Alm Gard der kvar ku har sin plass. På beite likar Buskrei det veldig godt at me kosar oss i lag med ho i solen. Buskrei  er kjempeflink i å bruke horna til å bryte seg ut frå gjerde mens andre kyr følgjar i hennes fotspor.

Det er Buskrei som bestemmer dagrytmen og seier frå når det er for eksempel tid til å legge seg og tygge drøv.

Laurien Geerse

iskrembonde

Bernadette

Melkeprodusent

Bernadette er mest skeptisk når det gjelder håndmjølking, kanskje på grunn av at ho har nedste posisjon i flokken. Når ein fyrst har blitt venninne med Bernadette så går det greit og er ho glad til å gi mjølka frå seg.

Ho prøver framleis å stjele mjølk hjå Ronja, som er mora hennes. Avdi kyrne går i lag med mora nesten heile sitt liv, er det vanskeleg å avvenne suging, særleg når ein ser kalvane suge.

Ronja

Melkeprodusent

Ronja er verdas vakraste ku, sjølv om ho ikkje anar det sjølv. Ronja er ei høgreist ku som lar ikkje lar seg bringe ut av fatning. Snart er ho 12 år gammal. Ronja er den fyrste kua som vart født på Alm Gard. Ho gir framleis sunne kalvar og mykje mjølk.

 

Guus Morel

iskrembonde

Lucia

Melkeprodusent

Lucia fikk navnet etter dagen ho blei født: Luciadagen. Ho er 2. generasjon men Lucia sliter med å få kalv enda. Me få berre krysse fingrane.

Aagje

Melkeprodusent

Aagje er datter til Bernadette og yngste kalv i flokken. Om morgenen når kyrna skal på beite igjen etter mjølking, skynder ho seg til mora å suger resten av mjølka.

Nora

Melkeprodusent

Nora er 2. generasjon og er datter til Ronja. Ho får lov til å suge hjå Ronja på dagtid. Så blir det tid til å leggje seg i lag ned dei andre kalvane, adskilt frå mora slik at ho kan gi mjølka tidleg neste dag.

Staben

Historisk bakrunn

På slutten av 18-hundretalet oppdaga bøndene i dei nordlege fjella i Italia mulegheita å laga iskrem. For å laga isen brukte dei is og snø som dei henta ned frå fjella. Av skikkelege råvarer som mjølk, egg, fløyte og frukt lagde dei forskjellige nydelege iskrem, og reiste om sommaren til store Europeiske byar for å selja isen med deira is-vogner og –salonger. Om vinteren reiste dei tilbake igjen til familiene i dei Italienske Dolomittene. Disse ”isgårder” hevder å ha funnet opp dagens forbrukeris.

Oppringinga til isen er derimot ganske omstridt. I Toskana hevder man at isen er ein oppfinning frå deiras distrikt, utvikla i renessansetida og at Catharina de Medici hadde fått med seg oppskrifta til sorbetis som bryllaupsgåve på sin reise til Paris. Slik skal det for første gang i historien ha blitt servert sorbetis i henna bryllaup.

Det er likavel kjent at Marco Polo på 13-hundretalet returnerte til Italia etter ein av sine lange reisar med oppskriftar for å laga iskrem frå Kina. Eit faktum er at det allereie 1000 år før Kristus blei spist iskrem i Kina.

 

Rein og økologisk

Me produserar Økologisk fløyteis, yoghurtis og sorbetis. Vår is inneheld ingen kunstig aroma, fargestoff eller konserveringsmiddel.

Isen vår inneheld omtrent 30% luft, i motsetning til industrielt produsert is som inneheld 50% luft, den maksimale tillete verdien. Det kjennes på smaken og konsistensen.

Sorbetisen laga me med hovudsakleg våre eigne frukt produsert på garden vår, som bringebær, rips plomme og eple. Me plukkar også blåbær, tyttebær og molte sjølv i fjellene som ligg rundt gården. Resten som me ikkje greier å plukke eller produsere sjølv kjøper me inn via utvalgte leverandører.

Yoghurtisen laga me av eigenprodusert yoghurt og frukt.

Fløyteiskremen, blir produsert av fersk mjølk og fløyte frå våre telemarkskyr, og økologiske egg frå Veikåker Gård i Noresund.

Dei øvrige ingrediensene kjøper me so mykje som muleg lokalt og gjennom ein Norsk grossist for økologiske råvarer

Isen og produksjonen rundt blir sjølvsagt kontrollert av både Mattilsynet og Debio

Anerkjennelse

I 2009 deltok me i «Det Norske Måltid», og vår Molte iskrem ble fylkesvinnare i denne prestisjøse konkurransen. I den nasjonale finalen fekk me hederleg omtale, og andreplassen nasjonalt i vår kategori.

I 2010 hadde Dronning Sonja bringebærsorbeten vår på menyen og vi fikk melding over mail om at hun syntes det var kjempegodt. Det var hyggjeleg å høyra!

FØLG
OSS

FØLG OSS